Forskar-standup på KÅKÅ

På biletet: Professor i medisinsk statistikk ved Universitetet i Stavanger, Jo Røislien, nyleg tildelt Stavanger Forums Formidlingspris for 2017.

Kan ein redde liv med likningar? Kan ein sjå vinden? Kva kan stadnamn fortelje om fortidige mord? Du får svara på forskarstandup under Forskningsdagane i september. To kveldar på rad kan du oppleve forskarar fortelje i 15 minutt om forskinga si.

Arrangementet er gratis!

Tid: Onsdag 26. og torsdag 27. september frå klokka 20.00 til 22.00

Stad: KÅKÅ kverulantkatedralen. Sting nere, Valbergjet 3.

Arrangør: Forskningsdagane 2018

På Forskar-standup går forskarane opp på scena ein etter ein for å fortelje i eitt kvarter om forskinga si. Dette er eit fast innslag kvar september under Forskningsdagane i Stavanger. Arrangementet er kjend for god stemning og er gratis!

Standup med tyngd

Sjølv om det er snakk om «standup» er det ikkje slik at forskarane er så skrekkeleg morosame. Skjønt nokre er sjølvsagt det òg. Det vi i alle høve kan garantere er at det blir interessant å høyre på.

Onsdag 26. september – kl. 20.00-22.00

Inge Særheim (UiS): «Utburden – minne om barnemord i stadnamn?»

Trude Eriksen (MUST): «Fra unger på sjølstyr til full kontroll»

Etienne Cheynet (UiS): «Hvordan kan vi se vinden i en fjord?».

Hedwig M.K.W Bogstad-Kvam (VID): «Gir samtalegrupper friskere flyktningeungdommer?»

Ola Kvaløy (UiS): «Tillit i det 21. århundre»

Marie Smith-Solbakken (UiS): «Kielland-ulykken. Kampen om fortellingen».

Anna Rebecca Solevåg (VID): «Jesus elsker alle barna? Barn i Det nye testamentet.»

Torsdag 27. september – kl. 20.00-22.00

Ann Elisabeth Laksfoss Cardozo (UiS): «Nordmenn på jobb i Alicante»?

Kirsten Jæger Fjetland & Miroslava Tokovska (VID): «Pårørendes erfaring i møte med demens».

Finn Arne Jørgensen (UiS): «Hva skal vi med hytteporno?»

Magnus Bjørkavoll-Bergseth (SUS): «Er det skadelig å trene? Utslipp av hjerteskademarkører ved fysisk aktivitet»

Kari Einarsen (NORCE): «Etikk og folk»

Jo Røislien (UiS): «Å redde liv med ligninger»

Programleiar er Eldbjørg Vaage Melberg.

Kommende arrangementer

KÅKÅ ER STØTTET AV

KÅKÅ HUSVENN

Pin It on Pinterest