Tid: 24. november 2017 20:00

Sted: kåkå, Sting Nere

Pris: 100/50 for studentar og uføre

 Fredag 24. november 20.00:

Dag O. Hessen: Nifsemyra kallar. Ventar transhumanismen rundt neste sving?

Om sjølvreproduserande robotar, maskinlæring, intelligente system og CRISPR-teknologi som syr om menneska med hormon og andre stoff. Perspektivet er frå ståstaden til ein sanningssøkjande og nysgjerrig humanistisk biolog, og byggjer mellom anna på ei kritisk lesing av Yuval Noah Hararis bok Homo Deus.

Foredrag av Dag O. Hessen, professor i biologi ved universitetet i Oslo og særleg kjend for forsking innan evolusjon og miljø. Ute med ny bok i høst: Vi. Samarbeid – fra celle til samfunn.

Panel bestående av:

Thure Erik Lund, forfattar og essayist. Hans siste bok «Identitet» kom ut i år. Forfattarskapen går tidvis mot det dystopiske, og tar opp i seg aktuelle spørsmål kring teknologi, vitskap og det menneskelege.

Morten Goodwin, førsteamanuensis og nestleiar ved senteret for kunstig intelligens, Universitetet i Agder.

Solveig Aareskjold, forfattar, skribent og essayist. Kjem i haust ut med boka Astridene – kvinnene kring Olav Tryggvason. Debuterte som romanforfattar med romanen Det indre tempel i 1987 og som essayist med Kyss meg i diskursen i 1996.

Programleder er Harald Birkevold, journalist og kommentator Aftenbladet.

Kjøp billetter HER eller i døren. Dørene åpner ca kl 19:30.

 

Kropp og ånd – i biologiens tid

Temadager på KÅKÅ 22. – 24. november 2017

Tradisjonelt har mennesket både kropp og sjel – eller ånd. Men i seinare tid har det blitt ganske vanleg igjen å sjå på oss som dyr blant andre dyr, grådige og egoistiske, utan nokon utanom-biologisk dimensjon. Og no ser det ut til at vitskapen ved hjelp av genmanipulering snart vil kunna oppgradera både intelligens og livslengd og avla fram nye supermenneske. I Noreg foregår stendig ein stor debatt om kva transhumanisme er eller skal vere for noko. Samstundes skriv Yuval Noah Harari bøkene om sapiensane si forhistorie og framtidshistorie, som med anna fortel oss at den kognitive revolusjonen for 50-100.000 år sidan krev at me forstår kvarandre med stor vekt på det utanom-biologiske, og at me i framtida kan koma til å bala med krav om å verta udøyelege som gudane sjølve, som eit slag Homo Deus. KÅKÅ tar her altså for seg ånd og transcendens i denne nye biologiens tid med ei temaveke kor nasjonale og internasjonale tenkjarar får tala til oss.

Kvart foredrag vil bli følgt opp av ein moderne variant av det koret som alltid var med i det klassiske greske dramaet, ei godt kvalifisert responsgruppe som kommenterer og stiller spørsmål. Innspel frå publikum er sjølvsagt òg hjarteleg velkomne. Medredaktør for det heile har vore Solveig Aareskjold.

 

Pin It on Pinterest