Tid: 22. november 2017 19:00

Sted: kåkå, Sting Nere

Pris: 100/50 (studenter og uføre)

Onsdag 22. november kl 19.00

David Sloan Wilson: «Samfunnet som organisme.»

I dei siste femti åra har det vore vanleg å rekna nestekjærleik hos både menneske og dyr som forkledd eigennytte. Men nyare forsking viser at egoistiske individ er skadelege for den gruppa dei lever i, og verkar hemmande i konkurransen med andre grupper. Derfor er det ikkje så sikkert at egoisme alltid er nokon fordel for overlevinga likevel.

Foredrag av David Sloan Wilson, professor i biologi og antropologi ved Binghamton universitet i USA. Han er særleg kjend for boka Does Altruism Exist? Culture, Genes and the Welfare of Others.

Title: Society as Organism

Abstract: The concept of a human society as like a single organism goes back to antiquity, but always as a metaphorical comparison. Now, for the first time in the history of ideas, it can be placed on a solid scientific foundation. I will briefly review developments in evolutionary science that justify the concept of society as an organism and its implications for human governance at all scales, from small groups to the global village.

Norsk versjon:

Tittel: Samfunnet som organisme

Samandrag: Førestillinga om eit menneskeleg samfunn som ein eigen organisme, går heilt tilbake til antikken. Men då alltid som ei metaforisk samanlikning. No, for fyrste gong i idéhistoria, kan denne førestillinga forankrast i eit solid vitskapleg grunnlag. Eg vil kort sjå på den delen av utviklinga innanfor den evolusjonære vitskapen som forsvarar førestillinga om samfunnet som ein organisme. Vidare vil eg sjå på denne utviklingas implikasjonar for menneskeleg styring på alle nivå, frå små grupper til den globale landsbyen.

Vert/kommentator er Frode Skarstein, evolusjonsbiolog, sakprosaforfatter og førsteamanuensis ved UiS.

 

Kjøp billetter HER eller i døren. Dørene åpner ca kl 18:30.

 

David Sloan Wilson

Kropp og ånd – i biologiens tid

Temadager på KÅKÅ 22. – 24. november 2017

Tradisjonelt har mennesket både kropp og sjel – eller ånd. Men i seinare tid har det blitt ganske vanleg igjen å sjå på oss som dyr blant andre dyr, grådige og egoistiske, utan nokon utanom-biologisk dimensjon. Og no ser det ut til at vitskapen ved hjelp av genmanipulering snart vil kunna oppgradera både intelligens og livslengd og avla fram nye supermenneske. I Noreg foregår stendig ein stor debatt om kva transhumanisme er eller skal vere for noko. Samstundes skriv Yuval Noah Harari bøkene om sapiensane si forhistorie og framtidshistorie, som med anna fortel oss at den kognitive revolusjonen for 50-100.000 år sidan krev at me forstår kvarandre med stor vekt på det utanom-biologiske, og at me i framtida kan koma til å bala med krav om å verta udøyelege som gudane sjølve, som eit slag Homo Deus. KÅKÅ tar her altså for seg ånd og transcendens i denne nye biologiens tid med ei temaveke kor nasjonale og internasjonale tenkjarar får tala til oss.

Kvart foredrag vil bli følgt opp av ein moderne variant av det koret som alltid var med i det klassiske greske dramaet, ei godt kvalifisert responsgruppe som kommenterer og stiller spørsmål. Innspel frå publikum er sjølvsagt òg hjarteleg velkomne. Medredaktør for det heile har vore Solveig Aareskjold.

Pin It on Pinterest