Kjøp billett ONSDAG 21. OKT, KL. 20:00 Sandnes Brygge Scene
Ordinær: KR 100 INK. AVGIFT
Student: KR 50 INK. AVGIFT
Med festivalpass til KÅKÅnomics: KR 20 INK. AVGIFT

Debatt: Byutvikling etter korona: Ferdig med fortetting? Tour de KÅKÅnomics på Sandnes

Debatt: Byutvikling etter korona: Ferdig med fortetting?

Onsdag 21. oktober kl. 20:00
Sandnes Brygge Scene
100/50 kr – billett må kjøpes på forhånd pga plassbegrensning og smittevernregler
Arrangør: KÅKÅnomics 2020 i samarbeid med Sandnes Brygge Scene
– Tour de KÅKÅnomics er støtta av Rogaland Fylkeskommune

Dei siste åra har fortetting vore den store parolen i norsk og rogalandsk byutvikling. Folk skal bu tett, urbant og gjerne høgt – i gangavstand til dei viktigaste tenestetilboda og med kort veg til kollektivtransport. Slik skal ein verna klima og knappe jordareal, og skapa gode bymiljø.

Så har det under koronakrisa vist seg at det er ein stor fordel at me nordmenn bur romslegare og på større avstand frå kvarandre enn i andre europeiske land. Og buss og tog skal me helst vera forsiktige med å ta, uansett er det ikkje plass til like mange som før.

Det er ennå for tidleg å seia kor varig «korona-effekten» blir. Men det går an å stilla spørsmål: Vil erfaringane frå pandemien føra til ein renessanse for «bil og villa» i byplanlegginga? Kva vil auka bruk av heimekontor få å seia for bustadutforming og byplanlegging? Er det på tide å dra Sandnes Øst-planane fram frå skuffa? Eller finst det måtar å kombinera fortetting og miljøvennleg utbygging med dei nye smittevernkrava som me kanskje må ta omsyn til i mange år framover?

I panelet:
– Stanley Wirak (Ap), ordførar i Sandnes.
– Inger Klippen (H), lokalpolitikar i Sandnes, fram til oktober statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet.
– Hanna Maria van Zijp, byplanleggar, tidlegare journalist/redaktør i Arkitektnytt.

Debattleiar: Harald Birkevold, kommentator i Stavanger Aftenblad.

Arrangementet er et samarbeid mellom Sandnes Brygge Scene og KÅKÅnomics, som er en årlig økonomifestival i Stavanger.

VIKTIG INFORMASJON I FORBINDELSE MED COVID-19:
– Arrangøren følger til enhver tid Helsedirektoratets retningslinjer for tilfredsstillende avvikling av kulturarrangementer.
– Pga behovet for smittesporing må du kjøpe billett på forhånd.
– Billettene må være registrert med fullt navn og kontaktinfo til den som skal bruke billetten. Dette registrerer du i Linticket ved billettkjøp.
– Husk 1-metersregelen, vis hensyn, hold avstand, og vask hendene hyppig og grundig.

Festivalprogrammet slippes fortløpende på www.kknomics.no