Kjøp billett TIRSDAG 24. SEP, KL. 20:00 Kåkå kverulantkatedralen, Sting Nere KR

Forskar-standup på KÅKÅ

Forskar-standup på KÅKÅ

To kveldar på rad kan du oppleve forskarar fortelje i 15 minutt om forskinga si.

Tid:  Tysdag 24. og onsdag 25. september frå klokka 20.00 til 22.00
Stad: KÅKÅ kverulantkatedralen, Sting nere, Valbergjet 3.

FØR SHOWET BEGYNNER FÅR DU 20% PÅ MAT I KAFÈEN OPPE — HVORFOR IKKE TA MIDDAGEN PÅ CAFÈ STING?

GRATIS INNGANG!

Møt opp i god tid, og ta gjerne middagen på Café Sting. Forsker standup er kjent for god stemning og det blir garantert fullt hus på KÅKÅ!

Under forskar-standup inntar forskarane scena på KÅKÅ kverulantkatedralen ein etter ein for å fortelje i eitt kvarter om forskinga si. Målet er å skape begeistring og forståing for ulike typar fag utanfor forskaren sitt eige fagmiljø. Dette er eit fast og populært innslag under dei årlege Forskingsdagane i Stavanger-regionen.

Tysdag 24. september kl 20-22
Narve Dolve (UiS): «Skal vi tru på sladder om læraren?»
Karin Hakalax (VID): «Gud har baller! Om Guds machokvaliteter»

Magne Olav Sydnes (UiS): «Problemet med antibiotika i naturen»

Mette Tveit (MUST): «Oppvekstmiljø – kva skal det koste å delta?»

Daniela Müller-Eie (UiS): «Gulrot eller pisk – kan vi få nullvekstmålet til å smake i staden for å svi?»
Ben David Normann (UiS): «Elefanten i verdsrommet»

Onsdag 25. september kl 20-22
Astrid J. Nyland (UiS/AM): «Kvifor gjekk steinaldermennesket over fjellet etter stein?»

Erik Rønning Bergsagel (MUST): «20 jomfruer og ei madam – korleis starte eit hermetikkeventyr?»

Thierry Baussant (NORCE): «Biologisk mangfald i eit vannglass»

Kjersti Engan (UiS): «Kunstig intelligens – kan det hjelpe patologen?»
Edgar Wróblewski (MUST): «Bruk og gjenbruk på 1700-talets dansk-norske seglskuter» (på engelsk)

Ruth Østgaard Skotnes (NORCE): «Vårt sårbare, digitale samfunn»

Anne Kalvig (UiS): «Kan vikingtida vera framtida?»

Programleiar er Eldbjørg Vaage Melberg.