Tid: 23. november 2017 18:00

Sted: kåkå, Sting Nere

Pris: 100/50 (for begge arrangementer torsdagen 150/75)

Mie Hidle: Materien og ånda i maskinen.

På sekstenhundretalet meinte René Descartes at både Gud og den frie viljen eksisterte ein stad utanfor den materielle verda. Hobbes og Spinoza meinte derimot at det ikkje fanst nokon ting utanfor materien. Denne striden danna grunnlaget for ulike verdsbilete og menneskesyn, og set framleis preg på debatten om politikk og verdispørsmål.

Foredrag av Mie Hidle, doktor i idéhistorie og spesialist på Isaac Newtons kraftbegrep. Ho var i mange år fast kronikør i Stavanger Aftenblad og arbeider no som lektor ved Stavanger katedralskole.

Kommentator (kor):

  • Solveig Aareskjold, forfattar, essayist og tidlegare lektor. Skriv kvar veke i Klassekampen i spalta ”Solveigs salt”.

 

Kjøp billetter HER eller i døren. Dørene åpner ca kl 17:30.

 

Mie Hidle

Solveig Aareskjold

 


Kropp og ånd – i biologiens tid

Kverulantkatedralen 22.-24. november 2017

Tradisjonelt har mennesket både kropp og sjel – eller ånd. Men i seinare tid har det blitt ganske vanleg igjen å sjå på oss som dyr blant andre dyr, grådige og egoistiske, utan nokon utanom-biologisk dimensjon. Og no ser det ut til at vitskapen ved hjelp av genmanipulering snart vil kunna oppgradera både intelligens og livslengd og avla fram nye supermenneske. I Noreg foregår stendig ein stor debatt om kva transhumanisme er eller skal vere for noko. Samstundes skriv Yuval Noah Harari bøkene om sapiensane si forhistorie og framtidshistorie, som med anna fortel oss at den kognitive revolusjonen for 50-100.000 år sidan krev at me forstår kvarandre med stor vekt på det utanom-biologiske, og at me i framtida kan koma til å bala med krav om å verta udøyelege som gudane sjølve, som eit slag Homo Deus. KÅKÅ tar her altså for seg ånd og transcendens i denne nye biologiens tid med ei temaveke kor nasjonale og internasjonale tenkjarar får tala til oss.

Kvart foredrag vil bli følgt opp av ein moderne variant av det koret som alltid var med i det klassiske greske dramaet, ei godt kvalifisert responsgruppe som kommenterer og stiller spørsmål. Innspel frå publikum er sjølvsagt òg hjarteleg velkomne. Medredaktør for det heile har vore Solveig Aareskjold.

 

Pin It on Pinterest