“Skam, «Generasjon Meg», og det lange blikket innover” av John Magnus Ragnhildson Dahl

By kverulantkatedralen 27. mars 2017

[et_pb_section admin_label=”section” transparent_background=”off” allow_player_pause=”off” inner_shadow=”off” parallax=”off” parallax_method=”off” padding_mobile=”off” make_fullwidth=”off” use_custom_width=”off” width_unit=”on” make_equal=”off” use_custom_gutter=”off”][et_pb_row admin_label=”row”][et_pb_column type=”2_3″][et_pb_image admin_label=”Bilde” src=”http://kverulantkatedralen.no/wp-content/uploads/2017/03/dd8013ca-c5a0-4fbd-8ca4-5b70bd13f6d1.png” show_in_lightbox=”off” url_new_window=”off” animation=”left” sticky=”off” align=”left” force_fullwidth=”off” always_center_on_mobile=”on” use_border_color=”off” border_color=”#ffffff” border_style=”solid” use_overlay=”off”] [/et_pb_image][/et_pb_column][et_pb_column type=”1_3″][et_pb_code admin_label=”Kode” saved_tabs=”all”][/et_pb_code][/et_pb_column][/et_pb_row][/et_pb_section][et_pb_section admin_label=”Seksjon” fullwidth=”off” specialty=”off”][et_pb_row admin_label=”Rekke”][et_pb_column type=”4_4″][et_pb_text admin_label=”Tekst” background_layout=”light” text_orientation=”left” use_border_color=”off” border_color=”#ffffff” border_style=”solid”]

Det nærmer seg temadager om JEG-GENERASJONEN OG FRAMTIDA. I den forbindelse har John Magnus Ragnhildson Dahl, stipendiat ved Institutt for informasjons- og medievitenskap, Universitetet i Bergen og forsker på TV-serien SKAM, skrevet artikkelen:

Skam, «Generasjon Meg», og det lange blikket innover

av John Magnus Ragnhildson Dahl

JMR Dahl_Page_1

Ein skal ha gjort ein aktiv innsats dersom ein ikkje har lagt merke til NRK sin ungdomsserie «Skam». Med kring to tusen oppslag i norsk presse i fjor og ei aktiv fanbase på sosiale media har Skam blitt ei mediehending – serien har vakse seg større enn seg sjølv, og kan ikkje heilt skiljas frå snakk og skriveri om den.

Sjølv om Skam byrjar med ei utlegning om kapita-lismens herjingar kringom jordkloten, flytter fokus seg raskt til Oslo Vest og tenåringars indre liv. Å vere utrygg på kjærasten, einsemd, eteforstyrringar, problem med å opne seg, otte for å vere homo – og så klart skam. Den mest eg-orienterte kjensla av alle, som disiplinerer oss inn i fellesskapet. Slik tematikk gjer sitt til at Skam kan verke som det naturlege produktet tilpassa Generasjon Meg. Ei tilpassing gjort enno tydlegare i korleis hovudperson, og med det ein strengt personleg synsvinkel, skifter frå sesong til sesong, slik at vi får tre månadar til å fordjupe oss i ein einskildpersons kvardag og kjensleliv.

Påstand: Skam er ein sjølvopptatt serie for ein sjølvopptatt generasjon. Mot-påstand: Skam er det motsette – ein serie som tar eit steg vekk frå det private og knyter tenåringane og deira problem til det offentlege. At serien handlar om ein smal folkesetnad og bryr seg mest om hjartekvalar treng ikkje tyde at den er nok eit høve til å rette blikket inn i seg sjølv. Tvert om: dersom Skam har eit gjennomgåande bodskap, må det vere at ’dei andre’ slett ikkje er helvete, men frelsa. Eit blikk på tre viktige sider av serien og mottakinga den har fått hjå tenåringar i Noreg og verda kan forklare kvifor eg meiner det.

Empati til å tenkje med vs. empati til å gråte med.

I personlege forhold er det viktig å ha empati ein kan gråte med. Vilkårslaus kjærleik kan ein meine sitt om, men vilkårslaus empati treng me alle (i alle fall iblant) for å bli sett av eit anna menneske og for å vere viss på at ho er på vår side. For å setje det på spissen: Også drapsmannen treng at ein annan person gret saman med han over kor forferdeleg han kjenner seg etter ugjerninga. Denne typen empati fungerer ikkje alt for godt i det offentlege rom. Likevel er avisene fulle av einskildpersonar som står fram med historier om private kampar, liding og overgrep. Det å stå fram på denne måten er ein av strategiane sosiologen Richard Sennet meiner karakteriserer det moderne intimitetstyranniet, der det inderlege paradoksalt nok fører til at me blir meir distansert frå kvarandre.

Misforstå meg rett: eg meiner slike private forteljingar kan spele ei viktig dokumentarisk rolle for å peike på korleis urett rammar verkelege menneske. Problemet er kor kraftig dei dominerer det offentlege rom. Me såg dette på måten tradisjonelle media tok tak i tematikken frå Skam: som ei orsaking til å finne nye sanningsvitne som knytte sin historie til det som skjedde i serien. Og eit sanningsvitne er det vanskeleg å diskutere med. Det ligg litt i namnet: ein som har opplevd det som er sant, og fortel oss akkurat «slik er det». Korleis kan ein stille seg kritisk til nokon som blottstiller sine såraste erfaringar, utan å øve vald mot dei på nytt? Men utan ein diskusjon om kva me faktisk erfarer, og vala me tek på bakgrunn av desse erfaringane, blir me verande på kvar vår litle øy. Me lærer ingen ting, me forstår ingen ting betre, me berre tenkjer «åh, dette var gruvsamt», og held fram med vårt. Krondømet på dette er kan hende når private vitnesbyrd blir til magnum opus i romanform: Knausgårds «Min Kamp». Eit verk nordist Eivind Tjønneland har dissekert, og funne ei rekkje kjensler, men ingen erkjenning.

Empati til å tenkje med er noko anna. Det er her Skam sin genialitet ligg. I klyppet «Ferdig», der Noora vaknar opp naken i seng med kjærasten sin bror, etter å ha drukke alkohol for fyrste gong på lengje, og underteksten fortel oss at ho er redd for å ha blitt valdteken. «Ferdig» er prega av mange nærbilete av Nooras ansikt, nærbilete filmvitar Anne Jerslev hevdar er eit sentralt grep i Skam: Dei tillèt kjenslemessig innleving og distanse på same tid. Dette speglar seg i kommentarfeltet under klyppet: Her føler folk med Noora, ganske sterkt, men samstundes finst det ein diskusjon om ho faktisk blei valdteken eller ikkje. Er det valdtekt å ha sex med nokon som er verkeleg, verkeleg full, men ved medvit? Ein slik diskusjon er det mogleg å ha fordi Noora er ein fiktiv karakter – sjølv om me føler med henne, har me samstundes ein avstand, og står ikkje i umiddelbar fare for å såre eller krenke nokon. I seinare klypp handlar mange kommentarar om kvifor Noora ikkje fortel om denne episoden til nokon, og kvifor ho ikkje melder den til politiet. Mange syner stor forståing for det, og refe-rerer til kor redd ho er, kor mykje ho skammar seg. Dette er ein type empati som let oss forstå korleis andre har det, motivasjonen for handlingane deira, korleis deira verd ser ut. Samstundes let distansen, og den narrative utviklinga i Skam, oss å sjå korleis verdsbiletet til Noora er ei ulempe for henne. Ein slik form for empati let oss kome ut av vår eigen boble, samstundes som vi ikkje blir lukka inn i bobla til ein annan person: i staden deler me verda saman. Det kan opne for medfølande men kritisk diskusjon, eit viktig reiskap for verkeleg å relatere oss til andre menneske og deira problem – og ikkje minst korleis me som samfunn bør arbeide med spørsmål der det personlege blir politisk.

danning.

I sesong 1 av Skam, som har fått ufortent lite merksemd, går hovudpersonen Eva rundt og er usikker. I byrjinga er ho verkeleg åleine. Det blir flott framstilt i scenane der ho sit åleine i ein stor seng eller sofa, Skam sin variant av «kvinner i for store herreskjorter». Sjølv om ho har kjærasten Jonas, har ho ingen veninner, og Jonas og bestekompisen Isak er på ein annan planet enn ho – dei er gatesmarte, har interesser og er skuleflinke, medan Eva berre har Jonas. Ingen eigen identitet.

Etterkvart får Eva sin eigen gjeng. Samtalane deira er ofte små samfunnsanalyser: «Jenter i Norge bytter sex mot penger, popularitet og bekreftelse hver eneste dag». «Jeg vet at man liksom skal tenke det at hvis en gutt ikke liker deg, så er det ikke deg det er noe galt med, men han. Men hvordan tenker du egentlig det?» To kommentarar som har blitt lagt merke til av dei som kommenterer i bloggen også. Og Isak, som i denne sesongen er ein arketypisk trickster, kjem med den eksistensielle analysa: «Man er bare det man gjør. Så hvis du bytter skole fordi det er litt kjipt akkurat nå, så er du en sånn person som gir opp». I løpet av serien går Eva frå identitetslaus og oppslukt i eigne problem, til ein person som veljar seg sjølv og klarar å ta steget vekk frå det altoppslukande vanskelege. Dette er noko som skjer ved hjelp av andre, folk som er der for ho – på ulike måtar. Slik blir også venskap, og særskilt tilgjeving blant vener, ein sentral verdi i Skam.

Daning, i fylgje Eivind Tjønneland, er å framandgjere seg sjølv frå egoismen og sjå eigen smak, erfaringar og problem som allmenne feno-men. Psykologisk forsking understreker at dette også er vegen til god mental helse: Om du lid i einsemd og trur at du er den einaste som har det slik, kjem du til å drukne i di eiga liding. Å forstå at problemet ditt faktisk ikkje er så unikt, og kanskje le litt av det, gjer det mogleg å overleve. Eva gjennomgår ei slik daningsreise – og berre det å sjå den fine måten hennar kvardagslege, i den store samanhengen udramatiske problem blir fylgd i Skam kan nok ta tenåringar med på ei liknande reise. Potensialet blir endå sterkare av alle dei små, meir eller mindre subtile, hinta til at personlege problem ikkje naudsyneleg er din feil: Skam klarar å peike på strukturar som gjev ulike forventingar til jenter og gutar, til dømes, og også korleis slike strukturar kan føre til at kvinne blir kvinne verst. Når serien vev det politiske og det eksistensielle saman på denne måten, har den potensiale til å føre tenåringane eit godt skritt vekk frå endelaus sjølvgransking og mot eit blikk ut i samfunnet i staden.

Offer

Det politiske sin samanheng med det eksistensielle er kanskje tydelegast (eller enklare å forstå) i tredje sesong, om Isak sin veg ut av skapet og inn i eit forhold med  Even. Minst like viktig er Isak sin veg frå ein som kjenner seg som eit offer til ein som er villig til å ofre. Det ligg fleire hint til at dette er eit viktig tema: Isak sitt namn, saman med tidspunktet 21.21, refererer til korleis Abraham planlegg å ofre Isak i første mosebok. Eit stykke ut i sesongen nemner Noora korleis ingen ofrar noko for kjærleiken i 2016. Isak er provet på det motsette, samstundes som han snur historia frå Bibelen litt: Han veljar sjølv å bli ofra. Isak veljar å vere der for Even, sjølv om han er bipolar og dermed går frå maniske episodar til tunge depresjonar.

Kva tyder det eigentleg å ofre seg for eit anna menneske? Når eg lanserte synet mitt om offer-tematikk som det viktigaste ved sesong 3 i ein fangruppe på Facebook, fekk eg mange sinte reaksjonar. Isak har då ikkje ofra seg, fordi det han gjer har ingen negative konsekvensar, han føler ikkje at han gjev avkall på noko! Offer blei tolka liding og eit bittert tilvære. Eg meiner liding ikkje nødvendigvis treng stå så sentralt i eit offer. Om me ser på indisk tenking, mellom anna Gandhi, er det det usjølviske, og det å gjere si plikt utan at det må leie mot eit bestemt mål, som er kjerna i eit offer, og det som gjer det til sann etisk handling.

Det er særskilt viktig at det er Isak som ofrar seg, fordi han tidlegare i sesongen har nytta andre menneske som middel til å nå eit mål – Emma og Eva – og fordi han har unngått vanskar ved å bryte kontakten med mor si og lyge til kameratane. Han er oppsluken av eigne problem, og lengtar etter kjærleik, men oppfører seg som ein dritsekk. Til det tidspunktet der han veljar å ofre seg for Even. I kommentarfeltet har tenåringane klare idear om kva det er Isak gjer som er så stort:

«Det er det kjærlighet er: Å tørre å bære vekten av et annet menneske»

«Isak var redd for å kjenne på det vonde, redd for å stå i det, for å møte andre menneskers smerte, for å ta inn over seg det som er vanskelig.»

Mot slutten av serien seier Isak at han ikkje veit om Even er mannen i sitt liv, og litt tidlegare får han vite at han eigentleg ikkje kan gjere noko for Even når han er nede – anna enn å vere der. Dette er viktig: Offeret vil ikkje lede nokon veg – Isak veit ikkje om han vinn evig lukke av det, og han veit ikkje om Even kan bli betre. Som nokon sa i kommentarfeltet:

«Even kan ikke bli reddet, men han trenger at noen er der for han uten å dømme og forvente masse».

Å velje å vere denne nokon, som Isak gjer, er å setje seg sjølv til side. Sjølv om han ikkje veit om det vil betale seg. At denne handlinga er så sentral i Skam, som slik vågar å fortelje ei forteljing om kjærleik som bryt med Hollywood sin lovnad om kjærleiken som vegen til evig, privat lykke, er det sterkaste argumentet mot at serien rettar blikket vårt inn i oss sjølv og våre eigne små problem.

 

[/et_pb_text][/et_pb_column][/et_pb_row][/et_pb_section]

comments

comments for this post are closed

Kommende arrangementer

KÅKÅ ER STØTTET AV

KÅKÅ HUSVENN

Pin It on Pinterest