ONSDAG 26. SEP, KL. 00:00 Kåkå kverulantkatedralen, Sting Nere KR Kjøp billett

Forskar-standup på KÅKÅ

Kan ein redde liv med likningar? Kan ein sjå vinden? Kva kan stadnamn fortelje om fortidige mord? Du får svara på forskarstandup under Forskningsdagane i september. To kveldar på rad kan du oppleve forskarar fortelje i 15 minutt om forskinga si.

På Forskar-standup går forskarane opp på scena ein etter ein for å fortelje i eitt kvarter om forskinga si. Dette er eit fast innslag kvar september under Forskningsdagane i Stavanger.

Arrangementet er kjend for god stemning og er gratis!
Arrangør: Forskningsdagane


Standup med tyngd




Sjølv om det er snakk om «standup» er det ikkje slik at forskarane er så skrekkeleg morosame. Skjønt nokre er sjølvsagt det òg. Det vi i alle høve kan garantere er at det blir interessant å høyre på.

Det heile skjer onsdag 26. og torsdag 27. september frå klokka 20.00 til 22.00 på KÅKÅ kverulantkatedralen – Sting nere, Valbergjet 3.


Onsdag 26. september – kl. 20.00-22.00

Inge Særheim (UiS): «Utburden – minne om barnemord i stadnamn?»

Trude Eriksen (MUST): «Fra unger på sjølstyr til full kontroll»
Etienne Cheynet (UiS): «Hvordan kan vi se vinden i en fjord?».
Hedwig M.K.W Bogstad-Kvam (VID): «Gir samtalegrupper friskere flyktningeungdommer?»
Ola Kvaløy (UiS): «Tillit i det 21. århundre»
Marie Smith-Solbakken (UiS): «Kielland-ulykken. Kampen om fortellingen».

Anna Rebecca Solevåg (VID): «Jesus elsker alle barna? Barn i Det nye testamentet.»


Torsdag 27. september – kl. 20.00-22.00

Ann Elisabeth Laksfoss Cardozo (UiS): «Nordmenn på jobb i Alicante»?

Kirsten Jæger Fjetland & Miroslava Tokovska (VID): «Pårørendes erfaring i møte med demens».
Finn Arne Jørgensen (UiS): «Hva skal vi med hytteporno?»
Magnus Bjørkavoll-Bergseth (SUS): «Er det skadelig å trene? Utslipp av hjerteskademarkører ved fysisk aktivitet»
Kari Einarsen (NORCE): «Etikk og folk»
Jo Røislien (UiS): «Å redde liv med ligninger»


Programleiar er Eldbjørg Vaage Melberg.